Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 6:19-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Alt sølv og gull og alle ting av kopar og jern skal gjerast heilagt for Herren og koma i Herrens skattkammer.»

20. Folket ropa medan prestane bles i bukkehorna. Med det same folket høyrde lyden frå horna, sette dei i eit høgt rop. Muren rasa saman, og kvar og ein gjekk rett inn i byen. Så tok dei byen.

21. Alt som var i byen, både menn og kvinner, unge og gamle, storfe, småfe og esel, slo dei med bann og hogg ned med sverd.

22. Til dei to mennene som hadde spionert i landet, sa Josva: «Gå inn i huset til den prostituerte kvinna. Før henne ut saman med alle som høyrer henne til, slik de med eid har lova henne.»

23. Då gjekk dei unge spionane og henta ut Rahab og far og mor hennar og brørne og alle som høyrde henne til. Alle slektningane hennar førte dei ut og lét dei få slå seg ned utanfor leiren til Israel.

24. Men byen og alt som var i han, brende dei opp. Berre sølvet og gullet og tinga av kopar og jern la dei i skattkammeret i Herrens hus.

25. Josva lét den prostituerte Rahab, familien hennar og alle som høyrde henne til, få leva. Familien hennar bur blant israelittane den dag i dag fordi ho løynde mennene som Josva hadde sendt for å spionera i Jeriko.

26. Den gongen lét Josva folket sverja denne eiden: «Forbanna for Herrens andlet er den som prøver å byggja opp att denne byen, Jeriko. Når han legg grunnvollen, skal det kosta han den førstefødde, og når han reiser porten, skal han mista den yngste.»

Les hele kapitlet Josva 6