Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 6:15-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Den sjuande dagen stod dei opp ved daggry og gjekk på same måten rundt byen, sju gonger. Det var berre den dagen dei gjekk sju gonger rundt byen.

16. Den sjuande gongen prestane bles i horna, sa Josva til folket: «Rop! For Herren har gjeve dykk byen.

17. Byen og alt som er i han, skal vera bannlyst og høyra Herren til. Berre den prostituerte Rahab og alle som er i huset hennar, skal få leva fordi ho løynde mennene vi sende ut.

18. Pass dykk for det som er bannlyst, så de ikkje blir freista til å ta av det. For då blir Israels leir òg bannlyst, og de fører ulukke over han.

19. Alt sølv og gull og alle ting av kopar og jern skal gjerast heilagt for Herren og koma i Herrens skattkammer.»

20. Folket ropa medan prestane bles i bukkehorna. Med det same folket høyrde lyden frå horna, sette dei i eit høgt rop. Muren rasa saman, og kvar og ein gjekk rett inn i byen. Så tok dei byen.

21. Alt som var i byen, både menn og kvinner, unge og gamle, storfe, småfe og esel, slo dei med bann og hogg ned med sverd.

22. Til dei to mennene som hadde spionert i landet, sa Josva: «Gå inn i huset til den prostituerte kvinna. Før henne ut saman med alle som høyrer henne til, slik de med eid har lova henne.»

Les hele kapitlet Josva 6