Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 6:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jeriko var lukka og stengd for israelittane. Ingen gjekk ut, og ingen gjekk inn.

2. Men Herren sa til Josva: «Sjå, eg gjev Jeriko med kongen og dei modige krigarane hans i dine hender.

3. De skal omringa byen; alle krigarane skal gå rundt byen éin gong. Det skal du gjera i seks dagar.

4. Sju prestar skal bera sju bukkehorn føre paktkista. På den sjuande dagen skal de gå sju gonger rundt byen, og prestane skal blåsa i bukkehorna.

5. Når hornet læt, når de høyrer lyden frå bukkehorna, skal heile folket setja i eit høgt rop. Då skal bymuren rasa saman, så kvar og ein kan gå rett inn i byen.»

6. Josva, son til Nun, kalla prestane til seg og sa: «Lyft opp paktkista. Sju prestar skal bera sju bukkehorn føre Herrens kiste.»

7. Til folket sa han: «Gå rundt byen! Krigarane skal gå føre Herrens kiste.»

8. Då Josva hadde tala til folket, gjekk dei sju prestane som bar dei sju bukkehorna, framfor Herren og bles i horna, medan Herrens paktkiste følgde etter dei.

9. Krigarane gjekk føre prestane som bles i horna, og baktroppen følgde etter kista. Dei gjekk, og horna ljoma.

10. Josva hadde bode folket: «Rop ikkje krigsrop, gjev ikkje lyd frå dykk og la ikkje eit ord koma frå munnen dykkar før den dagen eg seier at de skal ropa! Då skal de gjera det.»

11. Så lét han Herrens paktkiste bli ført éin gong rundt byen. Sidan gjekk dei tilbake til leiren og overnatta der.

12. Neste morgon stod Josva tidleg opp, og prestane lyfte opp Herrens kiste.

13. Dei sju prestane som bar dei sju bukkehorna, gjekk framfor Herrens kiste og bles i horna heile tida. Krigarane gjekk føre dei, baktroppen følgde etter Herrens kiste, og horna ljoma heile tida.

Les hele kapitlet Josva 6