Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 4:5-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. og sa til dei: «Gå midt ut i Jordan framfor paktkista til Herren dykkar Gud! Ta så opp ein stein kvar og legg han på aksla, like mange steinar som det er stammar i Israel.

6. Dette skal vera eit teikn mellom dykk. Når borna dykkar i morgon spør: Kva tyder desse steinane?

7. skal de svara: Vatnet i Jordan vart borte framfor Herrens paktkiste. Då kista kom ut i elva, vart vatnet i Jordan borte, og desse steinane skal israelittane for alltid ha som eit minne om dette.»

8. Israelittane gjorde som Josva baud dei. Midt ute i Jordan tok dei tolv steinar, like mange som det er stammar i Israel, slik som Herren hadde sagt til Josva. Dei bar dei med seg til leiren og la dei ned der.

9. Og midt ute i Jordan, på den staden der prestane med paktkista hadde stått, reiste Josva tolv steinar. Dei står der den dag i dag.

10. Prestane som bar kista, vart ståande midt ute i Jordan til alt som Herren hadde pålagt Josva å seia folket, var gjort, slik òg Moses hadde pålagt Josva. Folket skunda seg over elva.

11. Då alle var komne over, gjekk prestane vidare føre folket med Herrens paktkiste.

12. Rubenittane og gadittane og halve stammen til Manasse gjekk fullt rusta i spissen for israelittane, slik som Moses hadde sagt dei.

13. Om lag førti tusen mann, væpna til strid, gjekk for Herrens andlet over elva mot slettene ved Jeriko for å slåst.

14. Den dagen gjorde Herren Josva stor i auga til israelittane, og så lenge han levde, frykta dei han slik dei hadde frykta Moses.

15. Herren sa til Josva:

16. «Sei til prestane som ber kista med vitnemålet, at dei skal stiga opp frå Jordan.»

Les hele kapitlet Josva 4