3. og byd dei: Ta opp tolv steinar frå den staden midt i Jordan der prestane står, ber dei med dykk over, og legg dei ned der de slår leir i natt.»
4. Då kalla Josva til seg dei tolv mennene han hadde valt ut blant israelittane, ein frå kvar stamme,
5. og sa til dei: «Gå midt ut i Jordan framfor paktkista til Herren dykkar Gud! Ta så opp ein stein kvar og legg han på aksla, like mange steinar som det er stammar i Israel.
6. Dette skal vera eit teikn mellom dykk. Når borna dykkar i morgon spør: Kva tyder desse steinane?
7. skal de svara: Vatnet i Jordan vart borte framfor Herrens paktkiste. Då kista kom ut i elva, vart vatnet i Jordan borte, og desse steinane skal israelittane for alltid ha som eit minne om dette.»
8. Israelittane gjorde som Josva baud dei. Midt ute i Jordan tok dei tolv steinar, like mange som det er stammar i Israel, slik som Herren hadde sagt til Josva. Dei bar dei med seg til leiren og la dei ned der.
9. Og midt ute i Jordan, på den staden der prestane med paktkista hadde stått, reiste Josva tolv steinar. Dei står der den dag i dag.
10. Prestane som bar kista, vart ståande midt ute i Jordan til alt som Herren hadde pålagt Josva å seia folket, var gjort, slik òg Moses hadde pålagt Josva. Folket skunda seg over elva.
11. Då alle var komne over, gjekk prestane vidare føre folket med Herrens paktkiste.