Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 4:16-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. «Sei til prestane som ber kista med vitnemålet, at dei skal stiga opp frå Jordan.»

17. Og Josva baud prestane: «Stig opp frå Jordan!»

18. Med det same prestane som bar Herrens paktkiste, steig opp frå Jordan og sette foten på tørt land, kom vatnet i Jordan tilbake og fløymde over breddene sine som før.

19. Det var den tiande dagen i den første månaden at folket steig opp frå Jordan. Dei slo leir i Gilgal, ved austgrensa for Jeriko.

20. Dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan, reiste Josva i Gilgal,

21. og han sa til israelittane: «Når borna dykkar i morgon spør fedrane sine: Kva tyder desse steinane?

22. skal de forklara det for borna og seia: Her gjekk israelittane over Jordan på tørt land.

23. Herren dykkar Gud tørka ut vatnet i Jordan for dykk til de hadde gått over, slik Herren dykkar Gud gjorde med Sivsjøen, som han tørka ut for oss til vi var komne over.

24. Det gjorde han for at alle folk på jorda skal skjøna at Herrens hand er sterk, og for at de alle dagar skal frykta Herren dykkar Gud.»

Les hele kapitlet Josva 4