Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 4:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då alt folket var kome over Jordan, sa Herren til Josva:

2. «Vel dykk ut tolv menn av folket, ein frå kvar stamme,

3. og byd dei: Ta opp tolv steinar frå den staden midt i Jordan der prestane står, ber dei med dykk over, og legg dei ned der de slår leir i natt.»

4. Då kalla Josva til seg dei tolv mennene han hadde valt ut blant israelittane, ein frå kvar stamme,

5. og sa til dei: «Gå midt ut i Jordan framfor paktkista til Herren dykkar Gud! Ta så opp ein stein kvar og legg han på aksla, like mange steinar som det er stammar i Israel.

6. Dette skal vera eit teikn mellom dykk. Når borna dykkar i morgon spør: Kva tyder desse steinane?

7. skal de svara: Vatnet i Jordan vart borte framfor Herrens paktkiste. Då kista kom ut i elva, vart vatnet i Jordan borte, og desse steinane skal israelittane for alltid ha som eit minne om dette.»

Les hele kapitlet Josva 4