Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 24:4-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. og Isak gav eg Jakob og Esau. Eg lét Esau få Se'ir-fjella til eigedom. Men Jakob og sønene hans drog ned til Egypt.

5. Eg sende Moses og Aron, og eg plaga egyptarane med det eg gjorde hos dei. Så førte eg dykk ut.

6. Då eg hadde ført fedrane dykkar ut frå Egypt, kom dei til Sivsjøen. Men egyptarane forfølgde dei og kom til sjøen med stridsvogner og ryttarar.

7. Då ropa dei til Herren, og han la mørker mellom dykk og egyptarane, og han lét sjøen slå over dei og gøyma dei. De såg med eigne auge kva eg gjorde med egyptarane.Sidan var de lenge i ørkenen.

8. Så førte eg dykk inn i landet til amorittane, som budde austafor Jordan. Dei stridde mot dykk, men eg gav amorittane over i dykkar hender. De tok landet deira, og eg utrydda dei for dykk.

9. Så gjekk kongen i Moab, Balak, son til Sippor, til strid mot Israel. Han sende bod etter Bileam, son til Beor, for at han skulle forbanna dykk.

10. Men eg nekta å høyra på Bileam, og han måtte velsigna dykk på nytt og på nytt. Slik berga eg dykk frå hans hand.

11. Så gjekk de over Jordan og kom til Jeriko. Dei som hadde makt i Jeriko, gjekk til strid mot dykk: amorittane, perisittane, kanaanearane, hetittane, girgasjittane, hevittane og jebusittane. Men eg gav dei over i dykkar hender.

12. Eg sende ein bisverm framfor dykk og dreiv bort dei to amorittkongane. Det var ikkje du som gjorde det med sverd eller boge.

13. Eg gav dykk eit land som de ikkje hadde hatt noko strev med, byar som de ikkje hadde bygd, men som de fekk bu i, vinmarker og oliventre som de ikkje hadde planta, men som de får eta av.

14. Så frykt då Herren og ten han heilhjarta og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på den andre sida av Eufrat og i Egypt, og ten Herren!

15. Men dersom det byd dykk imot å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena: dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor elva, eller gudane til amorittane, i det landet de no bur i. Men eg og mitt hus, vi vil tena Herren.

16. Folket svara: «Gud forby at vi vender oss bort frå Herren og dyrkar andre gudar!

17. For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut frå Egypt, ut frå slavehuset, og som gjorde desse store teikna like framfor auga våre. Han vakta oss på heile den lange ferda vår og blant alle folkeslaga i dei landa vi reiste igjennom.

18. Herren dreiv bort alle folkeslaga for oss, og amorittane som budde i landet. Vi vil òg tena Herren, for han er vår Gud.»

19. Josva sa til folket: «De maktar ikkje å tena Herren, for han er ein heilag Gud. Han er ein nidkjær Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar.

Les hele kapitlet Josva 24