Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 24:14-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Så frykt då Herren og ten han heilhjarta og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på den andre sida av Eufrat og i Egypt, og ten Herren!

15. Men dersom det byd dykk imot å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena: dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor elva, eller gudane til amorittane, i det landet de no bur i. Men eg og mitt hus, vi vil tena Herren.

16. Folket svara: «Gud forby at vi vender oss bort frå Herren og dyrkar andre gudar!

17. For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut frå Egypt, ut frå slavehuset, og som gjorde desse store teikna like framfor auga våre. Han vakta oss på heile den lange ferda vår og blant alle folkeslaga i dei landa vi reiste igjennom.

18. Herren dreiv bort alle folkeslaga for oss, og amorittane som budde i landet. Vi vil òg tena Herren, for han er vår Gud.»

19. Josva sa til folket: «De maktar ikkje å tena Herren, for han er ein heilag Gud. Han er ein nidkjær Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar.

20. Vender de dykk bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, same kor mykje godt han før har gjort mot dykk.»

21. Folket sa til Josva: «Nei! Herren vil vi tena.»

22. Då sa Josva til dei: «Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han.» Dei svara: «Vi er vitne!»

23. Då sa Josva: «Skil dykk frå dei framande gudane som finst blant dykk og vend hjartet dykkar til Herren, Israels Gud!»

24. Folket svara: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans røyst vil vi lyda.»

25. Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og fastsette lov og rett for dei.

26. Han skreiv desse orda opp i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der, under eika som står ved Herrens heilagdom.

27. Og Josva sa til heile folket: «Sjå, denne steinen skal vera eit vitne mot oss, for han har høyrt kvart ord som Herren har sagt oss. Han skal vitna mot dykk, så de ikkje fornektar dykkar Gud.»

28. Så lét Josva folket gå, kvar til sin eigedom.

29. Ei tid etter at dette hadde hendt, døydde Josva, son til Nun, Herrens tenar, hundre og ti år gammal.

30. Dei gravla han på det området som høyrde han til, i Timnat-Serah, som ligg i fjellandet i Efraim, nord for Gaasj-fjellet.

Les hele kapitlet Josva 24