Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 24:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så samla Josva alle Israels stammar i Sikem. Han kalla til seg dei eldste i Israel og hovdingane, dommarane og tilsynsmennene deira. Dei steig fram for Guds andlet,

2. og Josva tala til heile folket:Så seier Herren, Israels Gud: Frå gammal tid budde fedrane dykkar – Tarah, far til Abraham og Nahor – på den andre sida av Eufrat, og dei dyrka framande gudar.

3. Men eg henta Abraham, far dykkar, frå landet bortanfor elva og førte han omkring i heile Kanaan. Eg gav han mange etterkomarar. Eg gav han Isak,

4. og Isak gav eg Jakob og Esau. Eg lét Esau få Se'ir-fjella til eigedom. Men Jakob og sønene hans drog ned til Egypt.

5. Eg sende Moses og Aron, og eg plaga egyptarane med det eg gjorde hos dei. Så førte eg dykk ut.

6. Då eg hadde ført fedrane dykkar ut frå Egypt, kom dei til Sivsjøen. Men egyptarane forfølgde dei og kom til sjøen med stridsvogner og ryttarar.

7. Då ropa dei til Herren, og han la mørker mellom dykk og egyptarane, og han lét sjøen slå over dei og gøyma dei. De såg med eigne auge kva eg gjorde med egyptarane.Sidan var de lenge i ørkenen.

8. Så førte eg dykk inn i landet til amorittane, som budde austafor Jordan. Dei stridde mot dykk, men eg gav amorittane over i dykkar hender. De tok landet deira, og eg utrydda dei for dykk.

Les hele kapitlet Josva 24