Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 23:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. For dykkar skuld har Herren teke land frå store og mektige folkeslag, men mot dykk har ingen til denne dag kunna stå seg.

10. Ein einaste av dykk kunne jaga tusen på flukt. For Herren dykkar Gud stridde sjølv for dykk, som han hadde lova dykk.

11. Ta dykk no vel i vare, så de elskar Herren dykkar Gud.

12. For dersom de verkeleg skulle halda dykk til desse folkeslaga som er att hos dykk, knyta slektsband og blanda dykk med dei, og dei med dykk,

13. då skal de kjenna at Herren dykkar Gud ikkje lenger vil driva ut desse folkeslaga for dykkar skuld. Dei skal bli ei snare og ei felle for dykk, ein pisk over ryggen og tornar i auga, heilt til de blir utrydda frå dette gode landet som Herren dykkar Gud har gjeve dykk.

14. Sjå, eg skal gå den vegen som alt her på jorda må gå. Men de skal få røyna av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel at ingen av lovnadene som Herren gav dykk, slo feil. Alt har vorte oppfylt, ikkje eit ord slo feil.

15. Men liksom de har fått alt det gode Herren dykkar Gud lova dykk, skal Herren òg la alt det vonde han varsla, koma over dykk, heilt til han får utrydda dykk frå det gode landet som han gav dykk.

16. Dersom de bryt pakta som Herren dykkar Gud gjorde med dykk, og byrjar å dyrka andre gudar og bøyer dykk og tilbed dei, då vil Herrens vreide loga imot dykk, og de skal snart bli utrydda frå det gode landet han har gjeve dykk.

Les hele kapitlet Josva 23