Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 23:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Lenge etter, då Herren hadde late Israel finna kvile og få fred for fiendane omkring seg, på den tida Josva var gammal og langt oppi åra,

2. hende det at Josva kalla heile Israel saman, dei eldste, hovdingane, dommarane og tilsynsmennene, og sa til dei:Eg er gammal og langt oppi åra.

3. De har sjølve vore vitne til alt det Herren dykkar Gud har gjort mot desse folkeslaga for dykkar skuld. For Herren dykkar Gud har sjølv kjempa for dykk.

4. Sjå, eg har late stammane dykkar arva landet til dei folkeslaga som er att, og landet til alle folka som eg har utrydda, frå Jordan til Storhavet, der sola går ned.

5. Herren dykkar Gud vil sjølv driva folkeslaga ut føre dykk og ta landet frå dei, så de kan ta landet deira i eige, slik Herren dykkar Gud har lova dykk.

6. Lat dykk aldri rokka! Hald alt som står skrive i lovboka til Moses, og gjer etter det. Vik ikkje, korkje til høgre eller venstre!

7. Gjev dykk ikkje i lag med desse folka som enno er att hos dykk. Ta ikkje namnet til gudane deira på tunga! Sver ikkje ved dei, dyrk dei ikkje og bøy dykk ikkje og tilbed dei!

8. Men hald fast ved Herren dykkar Gud, som de har gjort til denne dag.

Les hele kapitlet Josva 23