Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 19:9-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Landet deira var ein del av Juda. Den delen som fall på etterkomarane av Juda, var for stor for dei. Difor fekk etterkomarane av Simon sin arv inne i deira område.

10. Det tredje loddet fall på Sebulon-stammen, slekt for slekt. Landet dei fekk, nådde heilt til Sarid.

11. Grensa gjekk vestover opp til Marala, vidare like forbi Dabbesjet og nådde fram til elvefaret ved Jokneam.

12. Frå Sarid svinga ho austover, mot soloppgangen, mot området til Kislot-Tabor, og gjekk til Daberat og opp til Jafia.

13. Derifrå tok ho austover til Gittat-Hefer og Itta-Kasin, vidare til Rimmon og gjekk så bort til Hannea.

14. Så svinga grensa nordover til Hannaton og nådde fram til Jiftah-El-dalen,

15. vidare Kattat, Nahalal, Sjimron, Jidala og Betlehem, i alt tolv byar med landsbyar.

16. Dette var eigedomen til Sebulons etterkomarar, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

17. Det fjerde loddet fall på Jissakar, på Jissakar-stammen, slekt for slekt.

Les hele kapitlet Josva 19