6. Bet-Lebaot og Sjaruhen, tretten byar med landsbyar,
7. dessutan Ajin, Rimmon, Eter og Asjan, fire byar med landsbyar,
8. og alle landsbyane omkring desse byane, heilt til Baalat-Beer, Rama i Negev. Dette var det landet Simon-stammen fekk, slekt for slekt.
9. Landet deira var ein del av Juda. Den delen som fall på etterkomarane av Juda, var for stor for dei. Difor fekk etterkomarane av Simon sin arv inne i deira område.
10. Det tredje loddet fall på Sebulon-stammen, slekt for slekt. Landet dei fekk, nådde heilt til Sarid.