Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 19:38-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar.

39. Dette var landet Naftali-stammen fekk i eige, med byar og landsbyar.

40. Det sjuande loddet fall på Dan, på Dan-stammen, slekt for slekt.

41. I landet deira låg Sora, Esjtaol, Ir-Sjemesj,

42. Sjaalabbin, Ajjalon og Jitla,

43. Elon, Timna og Ekron,

44. Elteke, Gibbeton og Baalat,

45. Jehud, Bene-Berak og Gat-Rimmon,

46. Me-Hajjarkon, Harakkon og området bort imot Jaffa.

47. Men området til Dans etterkomarar vart teke frå dei. Difor drog dei opp til Lesjem, gjekk til åtak på byen og tok han. Dei hogg ned innbyggjarane med sverd, la byen under seg og busette seg der. Og dei kalla Lesjem for Dan, etter Dan, stamfar sin.

Les hele kapitlet Josva 19