Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 19:37-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Kedesj, Edre'i og En-Hasor,

38. Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar.

39. Dette var landet Naftali-stammen fekk i eige, med byar og landsbyar.

40. Det sjuande loddet fall på Dan, på Dan-stammen, slekt for slekt.

41. I landet deira låg Sora, Esjtaol, Ir-Sjemesj,

42. Sjaalabbin, Ajjalon og Jitla,

43. Elon, Timna og Ekron,

44. Elteke, Gibbeton og Baalat,

45. Jehud, Bene-Berak og Gat-Rimmon,

46. Me-Hajjarkon, Harakkon og området bort imot Jaffa.

47. Men området til Dans etterkomarar vart teke frå dei. Difor drog dei opp til Lesjem, gjekk til åtak på byen og tok han. Dei hogg ned innbyggjarane med sverd, la byen under seg og busette seg der. Og dei kalla Lesjem for Dan, etter Dan, stamfar sin.

48. Dette var eigedomen til Dan-stammen, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

49. Då israelittane hadde fordelt arven, område for område, gav dei Josva, son til Nun, ein eigedom midt iblant seg.

50. Som Herren hadde sagt, gav dei han den byen han bad om: Timnat-Serah i fjellområdet som høyrde Efraim til. Han bygde byen opp att og busette seg der.

Les hele kapitlet Josva 19