33. Området deira strekte seg frå Helef, frå Elon ved Saanannim, forbi Adami-Hannekeb og Jabneel til Lakkum og heilt fram til Jordan.
34. Der svinga grensa mot vest til Asnot-Tabor og gjekk derifrå til Hukkok. I sør grensa landet til Sebulon, i vest til Asjer og i aust til Jordan.
35. Festningsbyane var Hassiddim, Ser, Hammat, Rakkat, Kinneret,
36. Adama, Rama og Hasor,
37. Kedesj, Edre'i og En-Hasor,
38. Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar.
39. Dette var landet Naftali-stammen fekk i eige, med byar og landsbyar.
40. Det sjuande loddet fall på Dan, på Dan-stammen, slekt for slekt.
41. I landet deira låg Sora, Esjtaol, Ir-Sjemesj,
42. Sjaalabbin, Ajjalon og Jitla,
43. Elon, Timna og Ekron,
44. Elteke, Gibbeton og Baalat,