Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 19:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det andre loddet fall på Simon, på Simon-stammen, slekt for slekt. Landet dei fekk, låg inne på området til Juda-stammen.

2. Desse byane vart deira: Beer-Sjeba, Sjema og Molada,

3. Hasar-Sjual, Bala og Esem,

4. Eltolad, Betul og Horma,

5. Siklag, Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa,

6. Bet-Lebaot og Sjaruhen, tretten byar med landsbyar,

7. dessutan Ajin, Rimmon, Eter og Asjan, fire byar med landsbyar,

8. og alle landsbyane omkring desse byane, heilt til Baalat-Beer, Rama i Negev. Dette var det landet Simon-stammen fekk, slekt for slekt.

9. Landet deira var ein del av Juda. Den delen som fall på etterkomarane av Juda, var for stor for dei. Difor fekk etterkomarane av Simon sin arv inne i deira område.

Les hele kapitlet Josva 19