Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 18:10-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Og Josva kasta lodd for dei der, framfor Herrens andlet. Der delte Josva landet mellom israelittane, kvar stamme fekk sin del.

11. Det første loddet fall på Benjamin-stammen, slekt for slekt. Dei fekk området mellom stammane til Juda og Josef.

12. Grensa deira mot nord gjekk ut frå Jordan og oppover høgdedraget nord for Jeriko og vidare vestover fjellet fram til ørkenen ved Bet-Aven.

13. Derifrå gjekk grensa sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, det vil seia Betel, og så ned til Atrot-Addar, til fjellet sør for Nedre Bet-Horon.

14. Så svinga grensa og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Baal, det vil seia Kirjat-Jearim, ein by som høyrde Juda til. Dette var vestgrensa.

15. Grensa mot sør gjekk frå utkanten av Kirjat-Jearim. Ho gjekk vestover til Neftoah-kjelda,

16. og gjekk så ned til foten av det fjellet som ligg midt imot Ben-Hinnom-dalen, nord for Refa'im-dalen. Derifrå gjekk ho gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-høgda ned til Rogel-kjelda.

17. Der svinga grensa mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og Gelilot, som ligg midt imot Adummim-høgda, og så ned mot steinen til Bohan, son til Ruben.

18. Så gjekk ho nordover til høgdedraget ovanfor Araba-sletta og ned i dalen.

19. Der heldt grensa fram til høgda ved Bet-Hogla og enda i den nordlegaste vika av Saltsjøen, ved munningen av Jordan. Dette var grensa mot sør.

20. Jordan var grensa mot aust. Dette var eigedomen til Benjamin-stammen, slekt for slekt, og grensene omkring han.

21. Byane som Benjamin-stammen fekk, slekt for slekt, var Jeriko, Bet-Hogla og Emek-Kesis,

22. Bet-Haaraba, Semarajim og Betel,

23. Haavvim, Happara og Ofra,

24. Kefar-Haammoni, Haofni og Geba, tolv byar og landsbyane omkring.

25. Vidare: Gibeon, Rama og Beerot,

Les hele kapitlet Josva 18