Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 18:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Heile Israels forsamling samla seg i Sjilo og sette opp teltheilagdomen der. For no hadde dei lagt landet omkring under seg.

2. Men sju av stammane til israelittane hadde enno ikkje fått sin del av arven.

3. Då sa Josva til israelittane: «Kor lenge vil de venta før de går og hærtek det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, har gjeve dykk?

4. Vel ut tre mann frå kvar stamme som eg kan senda ut. Dei skal gjera seg klare og dra omkring i landet og skriva opp eigedomane kvar stamme skal arva, og så koma tilbake til meg.

5. Del landet i sju delar. Juda skal bli buande på sitt område i sør, og Josefs ætt på sitt område i nord.

6. Skriv opp det de finn ut om dei sju landsdelane og gjev det til meg, så skal eg kasta lodd for dykk her, framfor Herren vår Guds andlet.

7. Levittane skal ikkje ha nokon del saman med dykk, for prestetenesta for Herren er deira arv. Gad og Ruben og halvparten av stammen til Manasse har alt fått sitt land på den andre sida av Jordan, mot aust, det som Moses, Herrens tenar, gav dei.»

8. Mennene som skulle gå og skriva ned det dei fann ut om landet, gjorde seg klare til å dra, og Josva sa til dei: «Gå omkring i landet og skriv opp alt de ser! Kom så tilbake til meg, så skal eg kasta lodd for dykk, framfor Herren vår Gud, her i Sjilo.»

9. Mennene gjekk av stad og drog gjennom heile landet. På ein bokrull skreiv dei opp det dei fann ut om byane i dei sju landsdelane. Så gjekk dei tilbake til Josva i leiren ved Sjilo.

10. Og Josva kasta lodd for dei der, framfor Herrens andlet. Der delte Josva landet mellom israelittane, kvar stamme fekk sin del.

11. Det første loddet fall på Benjamin-stammen, slekt for slekt. Dei fekk området mellom stammane til Juda og Josef.

12. Grensa deira mot nord gjekk ut frå Jordan og oppover høgdedraget nord for Jeriko og vidare vestover fjellet fram til ørkenen ved Bet-Aven.

Les hele kapitlet Josva 18