Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 17:2-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Resten av etterkomarane av Manasse, sønene til Abieser, Helek, Asriel, Sikem, Hefer og Sjemida, fekk sine område, slekt for slekt. Dette var dei mannlege etterkomarane av Manasse, son til Josef, og slektene deira.

3. Selofhad, son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, hadde ingen søner, berre døtrer. Døtrene hans heitte Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.

4. Dei steig fram for presten Elasar og for Josva, son til Nun, og hovdingane og sa: «Herren sa til Moses at han skulle gje oss eigedom saman med brørne våre.» Og dei fekk land saman med farbrørne sine, som Herren hadde sagt.

5. Såleis fall det ti partar på Manasse, forutan Gilead og Basan austafor Jordan.

6. For døtrene til Manasse fekk sin del saman med sønene hans; den andre halvparten av Manasse-stammen hadde fått Gilead.

7. Grensa for landområdet til Manasse strekte seg frå Asjer til Mikmetat, midt imot Sikem. Derifrå gjekk grensa sørover til Jasjub ved Tappuah-kjelda.

8. Manasse fekk landet omkring Tappuah, men sjølve Tappuah, ved grensa til Manasses landområde, tilkom Efraim-stammen.

9. Så gjekk grensa ned til Kana-bekken, på sørsida av elvefaret. Efraim fekk byane her, som låg midt iblant byane til Manasse. Grensa for landområdet til Manasse gjekk nord for elvefaret og enda utmed havet.

10. Efraim fekk det som var sønnafor, og Manasse det som var nordafor, og begge hadde havet til grense. I nord støytte dei mot Asjer og i aust mot Jissakar.

Les hele kapitlet Josva 17