Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 17:14-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Josefs etterkomarar sa til Josva: «Kvifor har du gjeve oss berre éin lott og éin del til eigedom? Vi er då eit talrikt folk, for til denne tid har Herren velsigna oss.»

15. Josva sa til dei: «Er de eit så talrikt folk, så gå opp i skogtraktene og rydd dykk jord der, i landet til perisittane og refaittane, sidan Efraims fjelland er for trongt for dykk.»

16. Dei svara: «Fjellandet er ikkje stort nok for oss, og alle kanaanearane nede i dalbygdene har stridsvogner av jern, både dei som bur i Bet-Sjean og i småbyane omkring, og dei som bur på Jisreel-sletta.»

17. Då sa Josva til Josefs hus, til Efraim og Manasse: «Du er eit stort og sterkt folk. Du skal ikkje berre ha éin del,

18. eit heilt fjellområde skal du få. Det er skog der, men den skal du hogga. Då blir det ditt, både fjell og dal, og du skal ta landet frå kanaanearane, sjølv om dei har jernvogner, og sjølv om dei er sterke.»

Les hele kapitlet Josva 17