Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 15:12-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Grensa mot vest er Storhavet. Dette er grensene rundt området til etterkomarane av Juda, slekt for slekt.

13. Josva gav Kaleb, son til Jefunne, ein del av landet som låg midt iblant etterkomarane av Juda, slik Herren hadde sagt Josva. Det var Kirjat-Arba, som var oppkalla etter stamfaren til anakittane, og som no heiter Hebron.

14. Kaleb tok landet til dei tre anakittane som kom derifrå: Sjesjai, Ahiman og Talmai, etterkomarane av Anak.

15. Derifrå drog han ut mot innbyggjarane i Debir. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer.

16. Kaleb sa: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.»

17. Otniel, son til Kenas, bror til Kaleb, tok byen, og Kaleb gav han Aksa, dotter si, til kone.

18. Då ho kom, overtala ho han til å be far hennar om eit jordstykke. Ho steig av eselet, og Kaleb spurde henne: «Kva vil du?»

19. Ho svara: «Gjev meg ei gåve! Ettersom du har gjeve meg dette ørkenlandet, må du òg gje meg kjelder med vatn!» Så gav han henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.

20. Dette er den eigedomen stammen til Juda fekk, slekt for slekt:

21. byane ytst i området til Juda-stammen ved grensa mot Edom i sør; Kabseel, Eder, Jagur,

22. Kina, Dimona, Adada,

23. Kadesj, Hasor, Jitnan,

Les hele kapitlet Josva 15