Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 15:10-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Frå Baala vender grensa vestover til Se'ir-fjellet, går på nordsida av Jearim-fjellet, som er Kesalon, ned til Bet-Sjemesj og vidare til Timna.

11. Så går grensa nordover til Ekron-høgda, svingar mot Sjikkeron, går forbi Baala-fjellet til Jabneel og endar ute ved havet.

12. Grensa mot vest er Storhavet. Dette er grensene rundt området til etterkomarane av Juda, slekt for slekt.

13. Josva gav Kaleb, son til Jefunne, ein del av landet som låg midt iblant etterkomarane av Juda, slik Herren hadde sagt Josva. Det var Kirjat-Arba, som var oppkalla etter stamfaren til anakittane, og som no heiter Hebron.

14. Kaleb tok landet til dei tre anakittane som kom derifrå: Sjesjai, Ahiman og Talmai, etterkomarane av Anak.

15. Derifrå drog han ut mot innbyggjarane i Debir. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer.

Les hele kapitlet Josva 15