Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 13:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Josva var no gammal og langt oppi åra. Herren sa til han: «Du er no gammal og langt oppi åra, men enno er det mykje land som står att å ta.

2. Dette er dei landområda som står att: alle landområda til filistrane og gesjurittane,

3. frå Sjihor ved Egypt til Ekrons grense i nord – dette blir rekna som kanaaneisk og høyrer til dei fem byhovdingane til filistrane i Gaza, Asjdod, Asjkalon, Gat og Ekron – dessutan landet til avittane

4. i sør, og heile kanaanearlandet og Meara, som høyrer til sidonarane, til Afek, til grensa mot landet til amorittane;

5. vidare landet til gebalittane og heile Libanon austover frå Baal-Gad ved foten av Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.

6. For israelittane si skuld skal eg ta landet frå sidonarane, alle dei som bur i fjellandet frå Libanon til Misrefot-Majim. Lat Israel få landet i arv slik eg har bode deg.

7. No skal du fordela dette landet som arv til dei ni stammane og halve stammen til Manasse.»Den andre halvparten av stammen til Manasse, saman med

8. rubenittane og gadittane, hadde alt teke sin eigedom, det som Moses gav dei på austsida av Jordan. Dette hadde Moses, Herrens tenar, gjeve dei:

Les hele kapitlet Josva 13