Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 1:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva, son til Nun:

2. «Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no klar til å gå over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje til dei, til israelittane.

3. Kvar stad de trør, gjev eg dykk, slik som eg lova Moses.

4. Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon til den store elva Eufrat, heile hetittlandet, og heilt til Storhavet, der sola går ned.

5. Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg slik eg var med Moses. Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.

6. Ver modig og sterk! For du skal gjera dette folket til eigar av det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei.

7. Ver berre modig og sterk, så du trufast følgjer heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje frå henne, verken til høgre eller venstre, så skal du ha framgang overalt der du går.

8. Denne lova skal du alltid ha på leppene dine. Les frå lovboka dag og natt, så du trufast følgjer alt som er skrive der. Då skal du ha framgang der du ferdast, og alt skal lukkast for deg.

9. Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»

10. Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet:

Les hele kapitlet Josva 1