Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jona 1:11-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. «Kva skal vi gjera med deg», sa dei, «så havet kan falla til ro omkring oss?» For stormen på havet vart sterkare og sterkare.

12. Han svara: «Lyft meg opp og kast meg i havet, så skal det halda opp med å rasa! For eg veit at det er mi skuld at den sterke stormen har råka dykk.»

13. Mennene rodde på for å koma til lands att, men dei greidde det ikkje. For det storma sterkare og sterkare imot dei på havet.

14. Då ropa dei til Herren: «Herre! Lat ikkje oss gå under fordi denne mannen mistar livet. Lat ikkje skuldlaust blod koma over oss. For du, Herre, har gjort som du ville.»

15. Så lyfte dei Jona opp og kasta han på sjøen. Då heldt havet opp å rasa og vart stilt.

16. Mennene vart gripne av stor frykt for Herren. Dei ofra slaktoffer til Herren og gav lovnader.

Les hele kapitlet Jona 1