Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jona 1:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til Jona, son til Amittai:

2. «Stå opp, gå til storbyen Ninive og rop ut over byen at vondskapen deira har stige opp for mitt andlet.»

3. Då stod Jona opp for å rømma til Tarsis, bort frå Herren. Han drog ned til Jaffa og fann eit skip som skulle til Tarsis. Så betalte han for ferda og gjekk ned i båten. Han ville vera med til Tarsis, bort frå Herren.

4. Men Herren kasta ein mektig vind ned over havet, og stormen vart så hard at skipet heldt på å bli knust.

5. Sjøfolka vart redde, og kvar mann ropa til sin gud. Lasta som var om bord, kasta dei på sjøen så skipet skulle letna. Men Jona hadde gått ned under dekk og lagt seg og låg i djup søvn.

6. Kapteinen kom bort til han og sa: «Kva er det med deg? Søv du? Stå opp og rop til guden din! Kanskje guden vil hugsa på oss så vi ikkje går under.»

7. Mennene sa til kvarandre: «Lat oss kasta lodd, så vi kan få vita kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss!» Dei kasta lodd, og loddet fall på Jona.

8. Då sa dei til han: «Sei oss no kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss! Kva slags arbeid har du? Kvar kjem du frå? Kva for eit land er du frå? Og kva for eit folk høyrer du til?»

Les hele kapitlet Jona 1