Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Joel 3:13-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Og eg vil la judearane selja sønene og døtrene dykkar. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk langt borte. For Herren har tala.

14. Rop dette ut mellom folka,lys heilag krig, vekk krigarane!Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!

15. Smi plogskjera om til sverdog vingardsknivane til spyd!Den veike skal seia: «Eg er ein helt.»

16. Skund dykk og kom!Kom saman, alle folkeslag, frå alle kantar, Herre, før dine krigarar ned!

17. Folkeslaga skal bryta oppog fara til Josjafat-dalen,for der vil eg sitja til domsover folk frå alle kantar.

18. Send sigden ut, for hausten er mogen,kom og trakk, for vinpressa er full,pressekummane fløymer over, for vondskapen deira er stor.

19. Larm og atter larm i Dommens dal,for Herrens dag er nær i Dommens dal.

20. Sol og måne svartnar,og stjernene mistar sin glans.

21. Herren skal brøla frå Sion,la røysta ljoma frå Jerusalem,himmel og jord skal skjelva.Men Herren er eit vern for sitt folk,ei borg for Israels born.

22. Då skal de kjennaat eg er Herren dykkar Gudsom bur på Sion, mitt heilage fjell.Jerusalem skal vera ein heilag stad,der skal framande aldri meir koma inn.

23. Den dagen skal det skjeat fjella dryp av druesaftog haugane fløymer med mjølk,og i alle bekkefar i Judaskal det renna vatn.Ei kjelde skal vella fram frå Herrens husog vatna Akasiedalen.

24. Egypt skal bli til ei øydemarkog Edom til ein aud ørkenpå grunn av valdsverket mot judearane,fordi dei spilte skuldlaust blod i sine land.

25. Men i Juda skal det alltid bu folk,og i Jerusalem slekt etter slekt.

Les hele kapitlet Joel 3