Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Joel 3:1-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein gong skal det hendaat eg auser ut min Ande over alle menneske.Sønene og døtrene dykkar skal profetera,dei gamle skal drøyma draumar,og dei unge skal sjå syn.

2. Sjølv over slavar og slavekvinnervil eg ausa ut min Ande i dei dagane.

3. Eg set varselpå himmel og jord,blod og eld og røyksøyler.

4. Sola blir omskapt til mørkerog månen til blodfør Herrens dag kjem, den store og skremmande.

5. Då skal kvar den som kallar på Herrens namn, bli berga.For på Sion-fjellet og i Jerusalemskal det finnast berging,som Herren har sagt.Og mellom dei overlevandeer dei som Herren kallar.

6. For sjå, i dei dagane og på den tida,når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,

7. då vil eg samla alle folkeslagog føra dei ned i Josjafat-dalen.Der vil eg halda rettargang med deiom Israel, mitt folk og min eigedom,som dei spreidde mellom folka.Dei delte landet mitt

8. og kasta lodd om folket mitt,dei gav ein gut for ei horeog selde ei jente for vin,og den drakk dei opp.

9. Så, kva vil de meg, Tyros og Sidon og alle filistarbygder? Vil de ta igjen for noko eg har gjort? Gjer de meg noko vondt, skal eg straks la det koma over dykkar eige hovud,

10. for de tok sølvet og gullet mitt og førte bort mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel,

11. de selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane for å føra dei langt bort frå landet sitt.

12. Sjå, no vekkjer eg dei frå staden de har selt dei til, og lèt det de har gjort, koma over dykkar eige hovud.

13. Og eg vil la judearane selja sønene og døtrene dykkar. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk langt borte. For Herren har tala.

14. Rop dette ut mellom folka,lys heilag krig, vekk krigarane!Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!

15. Smi plogskjera om til sverdog vingardsknivane til spyd!Den veike skal seia: «Eg er ein helt.»

16. Skund dykk og kom!Kom saman, alle folkeslag, frå alle kantar, Herre, før dine krigarar ned!

17. Folkeslaga skal bryta oppog fara til Josjafat-dalen,for der vil eg sitja til domsover folk frå alle kantar.

18. Send sigden ut, for hausten er mogen,kom og trakk, for vinpressa er full,pressekummane fløymer over, for vondskapen deira er stor.

19. Larm og atter larm i Dommens dal,for Herrens dag er nær i Dommens dal.

Les hele kapitlet Joel 3