Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Joel 2:19-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Og Herren svara sitt folk:Sjå, eg vil senda dykk korn, ny vin og fin oljeså de kan bli mette.Aldri meir skal eg gjera dykktil spott mellom folka.

20. Fienden frå nordvil eg driva langt bort frå dykkog jaga til eit tørt og audt land,hans fortropp til havet i aust,hans baktropp til havet i vest.Stanken av han skal stiga opp,den vonde lukta hans skal stiga opp.Ja, storverk har han gjort.

21. Ver ikkje redd, du åkerjord,fryd deg og ver glad!For Herren har gjort storverk.

22. Ver ikkje redde, de dyr på marka,for beita i øydemarka grønkastog trea gjev si frukt,fikentre og vinstokk ber rikt.

23. Fryd dykk, Sions born,gled dykk i Herren dykkar Gud!For han gjev dykk regn i rett tid,han lèt regnet falla som før,både haust og vår.

24. Kvar treskjeplass fyllest med korn,pressekummane renn overav ny vin og fin olje.

25. Eg gjev dykk att for åradå den svermande, den hoppande, den gnagandeog den tyggjande grashoppa åt,min store hær som eg sende mot dykk.

26. De skal eta og bli metteog prisa namnet til Herren dykkar Gud,som har stelt så underfullt med dykk.Folket mitt skal aldri bli til skamme.

Les hele kapitlet Joel 2