Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 9:4-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Djup er hans visdom, og stor er hans kraft.Kven trassar han og slepp frå det?

5. Han flytter fjell før dei veit av det,velter dei i sin vreide.

6. Han rister jorda ut av lage,søylene hennar skjelv.

7. Han byd sola at ho ikkje skal gå opp,og set segl for stjernene.

8. Han åleine spente himmelen utog gjekk på havsens bølgjer.

9. Han skapte Bjørnen og Orion,Sjustjerna og stjernebileta på sørhimmelen.

10. Han gjer storverk ingen kan granska,og under ingen kan telja.

11. Han går forbi meg, eg ser det ikkje.Han fer framom, eg merkar han ikkje.

12. Han riv bort, kven kan hindra han?Kven kan seia til han: «Kva er det du gjer?»

13. Gud held ikkje att sin vreide,sjølv Rahabs hjelparar må bøya seg for han.

14. Skulle vel eg kunna svara,velja mine ord mot han?

15. Sjølv om eg hadde rett, kunne eg ikkje svara;eg måtte be dommaren min om nåde.

16. Sjølv om eg utfordra og han måtte svara,trur eg ikkje han ville ha lytta til meg,

17. han som knuser meg i stormen,gjev meg sår på sår utan grunn,

18. nektar meg å dra pusten,fyller meg med bitter smerte.

19. Gjeld det styrke, så har han den.Gjeld det rett, kan han seia: «Kven stemner meg?»

20. Sjølv om eg har rett, erklærer min munn meg skuldig.Er eg uskuldig, dømmer han meg som falsk.

Les hele kapitlet Job 9