Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 9:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Job tok til ords og sa:

2. Eg veit godt korleis det er.Kan eit menneske ha rett mot Gud?

3. Ville det føra sak mot han,så kunne det ikkje svara på eit einaste ord av tusen.

4. Djup er hans visdom, og stor er hans kraft.Kven trassar han og slepp frå det?

5. Han flytter fjell før dei veit av det,velter dei i sin vreide.

6. Han rister jorda ut av lage,søylene hennar skjelv.

7. Han byd sola at ho ikkje skal gå opp,og set segl for stjernene.

8. Han åleine spente himmelen utog gjekk på havsens bølgjer.

9. Han skapte Bjørnen og Orion,Sjustjerna og stjernebileta på sørhimmelen.

10. Han gjer storverk ingen kan granska,og under ingen kan telja.

11. Han går forbi meg, eg ser det ikkje.Han fer framom, eg merkar han ikkje.

Les hele kapitlet Job 9