Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 7:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Så legg eg heller ikkje band på min munn.Eg vil tala med angst i anden,klaga i bitter sjelekval.

12. Er eg eit hav eller eit sjøuhyresidan du set vakt over meg?

13. Eg seier: «Leiet får vera mi trøyst,lat senga bera mi klage.»

14. Då skremmer du meg med draumar,med syn gjer du meg redd.

15. Aller helst vil eg kvelast.Heller døden enn denne kroppen!

16. Eg vil ikkje, vil ikkje leva for alltid!Lat meg vera! Dagane mine er forgjengelege.

17. Kva er eit menneske sidan du aktar det så høgtog bryr deg så mykje om det?

18. Du granskar det kvar morgon,prøver det kvar stund.

19. Kvifor vender du ikkje auga dine frå megog gjev meg ro til å svelgja spyttet?

20. Om eg syndar, kva gjer det deg, du som vaktar mennesket?Kvifor gjer du meg til skyteskive?Har eg vorte ei bør for deg?

21. Kvifor tilgjev du ikkje mi syndog ber over med mi skuld?No må eg leggja meg i støvet;leitar du etter meg, er eg ikkje meir.

Les hele kapitlet Job 7