1. Har ikkje mennesket ein strid på jorda,eit liv som dagane til ein leigekar?
2. Han liknar ein tenar som stønnar etter skugge,ein dagarbeidar som ventar på løn.
3. Månader i det tomme vart min lott,netter med liding min lagnad.
4. Så snart eg legg meg, spør eg:«Når kan eg stå opp?»Natta blir lang,til det lysnar, er eg full av uro.
5. Kroppen er dekt med makk og sårskorper.Støvet gror fast i huda, og det verkjer.
6. Dagane går fortare enn ein vevskyttel,dei går til ende utan håp.
7. Hugs at livet mitt er ein pust!Aldri meir får eg sjå lukke.