Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 6:20-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Dei stola på det, men vart til skamme.Då dei kom fram, vart dei vonbrotne.

21. No har de vorte ein slik bekk!De ser det grufulle og blir redde.

22. Har vel eg nokon gong sagt: «Gjev meg noko!Bruk rikdomen dykkar til å kjøpa meg fri!

23. Redd meg frå fienden,fri meg frå valdsmenns hand!»

24. Rettlei meg, så skal eg teia.Vis meg kvar eg har feila!

25. Kan rettvise ord såra?Men korleis er det de talar til rette?

26. Vil de visa meg til rette for min tale?Ord frå ein fortvila blir spreidde for vinden.

Les hele kapitlet Job 6