Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 6:17-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. I tørketida stilnar han,i varmen tørkar han inn.

18. Straumen mistar retninga;vatnet renn ut i sanden og blir borte.

19. Karavanar frå Tema speida etter vatn,dei reisande frå Saba sette sitt håp til det.

20. Dei stola på det, men vart til skamme.Då dei kom fram, vart dei vonbrotne.

21. No har de vorte ein slik bekk!De ser det grufulle og blir redde.

22. Har vel eg nokon gong sagt: «Gjev meg noko!Bruk rikdomen dykkar til å kjøpa meg fri!

23. Redd meg frå fienden,fri meg frå valdsmenns hand!»

24. Rettlei meg, så skal eg teia.Vis meg kvar eg har feila!

25. Kan rettvise ord såra?Men korleis er det de talar til rette?

26. Vil de visa meg til rette for min tale?Ord frå ein fortvila blir spreidde for vinden.

27. Ville de òg kasta lodd om foreldrelauseog kjøpslå om ein ven?

28. Lyft no hovudet og sjå på meg!For eg lyg dykk ikkje rett opp i andletet.

Les hele kapitlet Job 6