Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 6:13-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Nei, eg er fullstendig hjelpelaus,eg finn ingen utveg.

14. Den som ikkje viser godvilje mot nesten,har gjeve opp si frykt for Den veldige.

15. Og brørne mine svikta som ein bekk,eit bekkefar der vatnet blir borte.

16. Bekken var dekt av tjukk is,løynd under snøen.

17. I tørketida stilnar han,i varmen tørkar han inn.

18. Straumen mistar retninga;vatnet renn ut i sanden og blir borte.

19. Karavanar frå Tema speida etter vatn,dei reisande frå Saba sette sitt håp til det.

Les hele kapitlet Job 6