Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 6:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Å, om mi uro kunne vegastog leggjast i vektskåla med mi sorg!

3. For no er dei tyngre enn havsens sand;difor talar eg utan å tenkja.

4. Piler frå Den veldige sit i kroppen,gifta deira tek mi kraft;redsler frå Gud samlar seg mot meg.

5. Skrik vel eit villesel som beiter i graset,rautar ein okse når han har fôr?

6. Kven et smaklaus mat utan salt?Smakar det noko av stokkrosesaft?

7. Det byd meg imot å røra ved slikt,det er som å eta utskjemd mat.

8. Om berre bøna mi vart høyrd,om Gud ville oppfylla mitt håp!

9. Om han berre ville knusa meg,lyfta handa si og gjera ende på meg!

10. Då får eg trass alt ei trøystnår eg vrid meg i nådelaus pine:Så hadde eg ikkje fornekta talen frå Den heilage.

11. For kva krefter har eg til å halda ut?Finst det eit mål eg kan strekkja meg mot?

12. Er eg sterk som stein,er kroppen min av bronse?

13. Nei, eg er fullstendig hjelpelaus,eg finn ingen utveg.

Les hele kapitlet Job 6