Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 40:6-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Lat vreiden din rasa,slå alle hovmodige ned med ditt blikk!

7. Sjå på dei stolte og audmjuk dei,trakk dei urettferdige ned der dei står!

8. Løyn dei alle i støvet,steng dei inne i mørkret!

9. Då ville også eg prisa degfor den sigeren du vann med di høgre hand.

10. Sjå Behemot: Eg skapte både henne og deg.Ho et gras som ein okse.

11. Sjå for ei kraft ho har i hoftene,og for ein styrke i bukmusklane!

12. Ho strekkjer ut halen, stiv som ein seder,og lårsenene er fast fletta.

13. Beina er som bronserøyr,knoklane som jernstenger.

14. Ho er Guds fremste verk,av skaparen fekk ho sitt sverd.

15. Fjella gjev henne føde,alle villdyra leikar der.

16. Ho kviler under lotusplanter,i ly av siv og sump.

17. Lotusen gjev skugge,piletrea ved elva omgjev henne.

18. Om elva fossar, er ho like roleg,trygg sjølv når Jordan brusar mot gapet hennar.

19. Kven torer openlyst angripa henneog dra ei snor gjennom nasen?

20. Kan du dra Leviatan opp med krokog halda tunga hans nede med band?

21. Kan du setja sivreip i nasen på hanog stikka ein krok gjennom kjevane?

22. Vil han då trygla deg om nådeeller tala blidt til deg?

Les hele kapitlet Job 40