Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 39:5-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Tel du månadene dei går drektige,kjenner du tida når dei skal føda?

6. Dei huker seg ned og får ungane sine;og så er riene over.

7. Ungane veks seg store og sterke på slettene,så spring dei bort og kjem ikkje att.

8. Kven sleppte villeselet friog løyste det frå alle band?

9. Eg gav det ein heim i øydemarka,ein bustad i det salte landet.

10. Det ler av larmen i byen,høyrer ingen drivar som skjenner.

11. Det søkjer beite i fjella,leitar opp kvar grøn flekk.

12. Er villoksen villig til å tena deg,kviler han ved krubba di om natta?

13. Klarer du å spenna han for plogen?Vil han harva dalane etter deg?

14. Torer du stola på han, sterk som han er?Kan du overlata arbeidet ditt til han?

15. Trur du at han fører kornet heimog samlar det på treskjeplassen?

16. Strutsen flaksar lystig med vengene,men kan ikkje flyga som stork og falk.

17. Strutsen går frå egga sine på marka,lèt dei bli varme i sanden.

18. Ho gløymer at ein fot kan knusa dei,at villdyra kan trakka dei sund.

19. Ho er hard mot ungane, som om dei ikkje var hennar eigne,fryktar ikkje for at strevet hennar skal vera til inga nytte.

Les hele kapitlet Job 39