Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 39:4-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Veit du når fjellgeita får ungar?Går du vakt når hjorten får rier?

5. Tel du månadene dei går drektige,kjenner du tida når dei skal føda?

6. Dei huker seg ned og får ungane sine;og så er riene over.

7. Ungane veks seg store og sterke på slettene,så spring dei bort og kjem ikkje att.

8. Kven sleppte villeselet friog løyste det frå alle band?

9. Eg gav det ein heim i øydemarka,ein bustad i det salte landet.

Les hele kapitlet Job 39