Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 39:15-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Trur du at han fører kornet heimog samlar det på treskjeplassen?

16. Strutsen flaksar lystig med vengene,men kan ikkje flyga som stork og falk.

17. Strutsen går frå egga sine på marka,lèt dei bli varme i sanden.

18. Ho gløymer at ein fot kan knusa dei,at villdyra kan trakka dei sund.

19. Ho er hard mot ungane, som om dei ikkje var hennar eigne,fryktar ikkje for at strevet hennar skal vera til inga nytte.

20. For Gud nekta henne visdom,gav henne ingen forstand.

21. Men når ho flaksar opp i vêret,skrattar ho av hest og ryttar.

22. Kan du gje hesten styrke,kle nakken hans med man,

23. la han springa som grashoppa?Han vrinskar stolt og skremmande.

24. Han skrapar i marka, yr av kraft,så fer han fram mot våpna.

25. Han ler av redsla, fryktar aldriog snur ikkje når han møter sverd.

26. Over han klirrar pilkoggeret,det blinkar i spyd og sabel.

27. Som eit jordskjelv dundrar han framog stansar ikkje om hornet gjallar.

28. Han vrinskar når hornet læt, vêrar krig på lang avstand:kommandorop og hærskrik.

29. Var det din forstand som lærte falken å flyga,spreia vengene og gli mot sør?

30. Er det på ditt ord at ørna stigog byggjer reir så høgt oppe?

31. Ho held til mellom berga,bak festningar av kvasse tindar.

32. Der speidar ho etter mat,auga skodar vidt ikring.

33. Ungane hennar slurpar i seg blod,der det finst åtsel, er ho på plass.

Les hele kapitlet Job 39