Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 37:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Til snøen seier han: «Fall ned på jorda»,like eins til regnet, det kraftige ausregnet.

7. Han set segl på kvar menneskehand,så alle menneske skal kjenna hans gjerning.

8. Villdyra går til hòlene sine,må halda seg i hi.

9. Stormen fer ut av kammeret sitt,nordavinden kjem med kulden.

10. Når Gud pustar, blir det frost,vassflata frys til.

11. Han fyller skyene med vatn,breier ut toreskyene sine.

12. Dei driv rundt,seglar etter hans plan for dei.Alt han byd, gjer deiover heile den vide jord.

13. Han lèt dei koma,somme for å straffa,somme for å gagna jorda hans,somme for å gjera vel mot henne.

14. Høyr på dette, Job!Stans og erkjenn Guds under!

15. Forstår du korleis Gud gjev skyene bodog lèt lyn skyta fram frå dei?

Les hele kapitlet Job 37