Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 37:2-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Lytt til braket av røysta hans,høyr korleis det drønnar frå munnen hans!

3. Han lèt lyn fara rundt heile himmelen,sender dei til heimsens endar.

4. Etterpå rullar tora,det er den mektige røysta hans som rungar.Han held ikkje lyna attnår røysta hans høyrest.

5. Gud gjer under med si torerøyst,gjer storverk vi ikkje fattar.

6. Til snøen seier han: «Fall ned på jorda»,like eins til regnet, det kraftige ausregnet.

7. Han set segl på kvar menneskehand,så alle menneske skal kjenna hans gjerning.

8. Villdyra går til hòlene sine,må halda seg i hi.

Les hele kapitlet Job 37