Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 37:19-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Sei oss kva vi skal svara han!I vårt mørker får vi ikkje fram eit ord.

20. Skal han få bod om at eg vil tala?Kven ønskjer vel å gå under?

21. No ser ikkje folk lyset,det er berre ein kvit flekk i skylaget;men så kjem vinden og feiar skyene bort.

22. Frå nord kjem eit gylle skin,Guds skremmande lysglans.

23. Den veldige finn vi ikkje; han er opphøgd i makt og rett.Stor er hans rettferd;han undertrykkjer ingen.

24. Difor fryktar menneska han,men han overser dei som trur dei er vise.

Les hele kapitlet Job 37