Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 37:16-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Forstår du korleis skyene kan sveva?Dette er hans verk, han som veit alt.

17. Du som får kleda varma oppnår jorda døser etter sønnavinden,

18. kan du hjelpa han med å hamra ut himmelkvelvenfast som ein spegel av støypt metall?

19. Sei oss kva vi skal svara han!I vårt mørker får vi ikkje fram eit ord.

20. Skal han få bod om at eg vil tala?Kven ønskjer vel å gå under?

21. No ser ikkje folk lyset,det er berre ein kvit flekk i skylaget;men så kjem vinden og feiar skyene bort.

22. Frå nord kjem eit gylle skin,Guds skremmande lysglans.

Les hele kapitlet Job 37