Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 36:6-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Han held ikkje liv i den urettferdige,men lèt hjelpelause få sin rett.

7. Han tek ikkje auga frå dei rettferdige;med kongar kjem dei på trona,han lèt dei sitja for alltid og opphøgjer dei.

8. Blir dei bundne med lenkjer,fanga i ulukke-snarer,

9. så vil han seia dei kva dei har gjort,at dei synda då dei opphøgde seg.

10. Han opnar øyra deira for å åtvaraog byd dei å venda om frå urett.

11. Om dei då lyder og tener han,vil dei leva godt alle sine dagarog enda sine år i lukke.

12. Men om dei ikkje lyder,vil dei falla for sverd,omkoma i sin uforstand.

13. Eit ugudeleg hjarte ber på harme.Dei ropar ikkje om hjelp når Gud har bunde dei.

14. Dei døyr i sin ungdom,endar sitt liv blant tempelprostituerte menn.

15. Gud bergar hjelpelause i deira naud,opnar øyra deira i trengslene.

16. Så vil han òg føra deg ut or trengsles gap,til ope landskap utan fararder bordet ditt er fullt av feite retter.

17. Du fullfører dommen over dei lovlause,lov og rett skal ramma dei.

18. Pass på så ikkje nokon lokkar deg med overflod,lat ikkje løysepengar føra deg på avvegar!

19. Kan skriket ditt fria deg frå trengsleom du så bruker all di kraft?

20. Du skal ikkje lengta etter den nattadå folkeslag blir rykte opp med rot.

21. Akta deg, vend deg ikkje mot vondskap,for du vel heller vondskap enn liding.

22. Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde.Kven er ein lærar som han?

23. Kven peikar ut den vegen han skal følgja?Kven kan seia at han gjer urett?

24. Gløym ikkje å prisa hans verk,det alle menneske syng om.

Les hele kapitlet Job 36