Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 36:20-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Du skal ikkje lengta etter den nattadå folkeslag blir rykte opp med rot.

21. Akta deg, vend deg ikkje mot vondskap,for du vel heller vondskap enn liding.

22. Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde.Kven er ein lærar som han?

23. Kven peikar ut den vegen han skal følgja?Kven kan seia at han gjer urett?

24. Gløym ikkje å prisa hans verk,det alle menneske syng om.

25. Alle menneske ser det,dei skimtar det langt borte.

26. Sjå, Gud er opphøgd, men vi forstår ikkje,hans år kan vi ikkje telja.

27. Han dreg vassdropar opp til seg.Dei blir til regn, til ei Guds kjelde

28. som strøymer frå skyeneog fell på mange menneske.

29. Kan nokon forstå korleis skyene breier seg ut,korleis det tornar under hans bustad?

30. Sjå, han breier lyn omkring segog løyner havsens djup.

31. Slik held han dom over folka,og slik gjev han mat i overflod.

32. Han kler hendene sine i lynog sender dei mot sitt mål.

33. Torebrak melder at han kjem,sjølv buskapen varslar det når han dreg fram.

Les hele kapitlet Job 36