Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 35:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Elihu tok igjen til ords og sa:

2. Tenkjer du at dette er rett,seier du at du er meir rettferdig enn Gud,

3. sidan du spør: «Kva gagnar det meg,kva hjelper det at eg lèt vera å synda?»

4. Eg skal svara deg og venene dine:

5. Lyft blikket mot himmelen og sjå,legg merke til kor høgt skyene er over deg!

6. Kva gjer det vel Gud om du syndar?Alle dine brot, kva har dei å seia for han?

7. Og er du rettferdig, kva gjev du då han,kva kan han ta imot frå di hand?

8. Uretten din rammar medmenneska dine,berre menneske har gagn av rettferda di.

9. Folk skrik under tung undertrykking,ropar etter hjelp mot dei mektige.

10. Dei spør ikkje: «Kvar er Gud, han som skapte meg,som lèt lovsong lyda om natta,

11. som lærer oss meir enn dyra på jorda,gjer oss klokare enn fuglane under himmelen?»

Les hele kapitlet Job 35